2011-11-17 | Live/Lien reviews

Live/Lien – eit uslåeleg par : Dagsavisen

Live Maria Roggen og Helge Lien saman på «Låvesalg» – det er så godt at det er sant.

ROALD HELGHEIM   15. november 2011

Du høyrer det alt på opningslåten, den vakre «Berceuse» med tekst av André Bjerke og musikk av Helge Lien, at her er to musikarar som har funne kvarandre i eit format som verkar som skapt for dei. Med Roggens sterke og tydelege stemme som vi har høyrt i mange slags konstellasjonar frå Come Shine til Trondheim Voices, i eigne bande og i duo med tubaist Lars Andreas Haug (som også spelte med Lien i Tri O’Trang!). Med pianist Helge Lien, som tok Roggen med i prisvinnarbandet sitt på Kongsberg Jazzfestival med strålande konsert i 2009. No er det Live/Lien som gjeld, med ein songar som beherskar både det lågmælte og det å gje full hals, som på ein uredd versjon av «Splitter pine». Men etter «Berceuse» kjem tittelsongen «Låvesalg» der ho sjølv har skrive teksten om å kvitte seg med oppsamla innbu og lausøyre og gje seg fridomen i vald og kome vidare. Lien har lenge markert seg som ein særeigen jazzpianist og komponist med store trioalbum, og uansett kva som har vore bestemmande for valet av songar, viser duoen med dette albumet at meistrar eit format og eit konsept du ikkje berre hoppar på.

Etter låvesalet følgjer ein nydeleg versjon av Jan Eggums «Nøkken ta meg», der komponist Lien viser kva han kan til ein tekst av Andre Bjerkes «Øyeblikket», eit nesten «klassisk» stykke, skiftande i temperatur og stemmebruk, før dei altså går laus på Dum Dum Boys’ «Splitter pine», sikkert til glede for opphavsmannen. Dei meir alvorstunge «Ruben bærer lyset» signert Ole Paus og Hans Børlis «Det gråter et barn» følgjer, den siste til musikk av Lien, før Roggen viser at ho kan praktisere den «vocalese»-kunsten inkludert scatsong med ein tekst basert på ein Miles Davis-solo anno 1945!

«Du kan ta krakken» heiter songen, og det er strake vegen heim i selskap med den skrivande lyrikaren på plata, André Bjerke på «Ordet du aldri sang». Duoen er allereie på vegen og har turnert frå nord til sør, med slepp i hovudstaden i går før dei fær vidare. Ver der når dei kjem.

via Live/Lien – eit uslåeleg par : Dagsavisen.