2014-11-23 | Helge Lien Trio reviews

Dagsavisen (no) – review of Badgers and other beings

Helge Lien Trio er den beste i sitt slag, og Badgers and Other Beings er bandets beste plate.

Helge Liens beste trio

På den åttande plata – om grevlingar og andre skapninar – spelar også landets beste jazz-trommeslagar, Per Odvar Johansen, med all ære til Knut Aalefjær som eminent utøvar og ein klippe i bandet på dei sju første. Med tredjemann, Frode Berg, som eminent bassist har Helge Lien og trioen heile tida dyrka trioformatet i sitt eige bilete, med musikk som også har ein eineståande publikumsappell. Som på den første konserten i februar i år med det nye bandet på Nasjonal Jazzscene, der trioen med eller utan pausar demonstrerte ein musikalsk samforstand som råka publikum på ein måte det er sjeldan å oppleve.

Eg hadde ei tilsvarande oppleving då trioen med ein gnistrande konsert under Oslo Jazzfestival i 2008 bar bod om kva som skulle kome på det strålande Hello Troll, det første albumet på merket Ozella Music. I tillegg til Natsukashii i 2011 kom også soloalbumet på piano, Kattenslager, på same merke, men kva er det med musikken til Helge Lien Trio? Han er ikkje ein mann for standardlåtar. Han kan liknast med Bill Evans, Keith Jarrett eller Brad Mehldau i måten å skape sitt eige uttrykk på. Med musikk som har ein veldig rikdom i seg, og som held lydaren i age gjennom songar som kjedar seg naturleg saman frå låt til låt, også på konsertar, og med eit intuitivt samspel musikarane imellom som alltid fascinerer.

Helge Lien har fleire band i elden, mellom dei den utrulege duoen Hero med saksofonisten Rolf Erik Nystrøm, som laga modernistisk samtidsmusikk til ein dokumentar om Prøysen. Tri O Trang var ein trio med tuba (Lars Andreas Haug) og saksofon (Torben Snekkestad), LiveLien er ein duo med Live Maria Roggen med plata Låvesalg. På sitt første album Talking To A Tree (2000) var Lien åleine ved pianoet. Fødd og oppvaksen i Moelv er han også med på prosjektet Østerdalsmusikk. Om det siste albumet står det skrive at han har søkt seg attende i sin eigen arv. Resultatet er eit album det strålar av.