2017-05-02 | Helge Lien Trio reviews

Dagsavisen (no) | Guzuguzu

Dobbel Lien!
Dagsavisen 29. april 04:01
Forfatter: Roald Helgheim

Med Helge Lien Trios fantastiske nye album Guzuguzu, har vi kåra godt som årets album og årets konsert. Forventningane til eit nytt album frå Helge Lien, Frode Berg og Per Oddvar Johansen er som alltid skyhøge.

Guzuguzu (Ozella/MusikkLosen) er eit ord for å røre seg langsamt, her med Frode Bergs strykebass som opning. Og det tek ikkje lang tid før vi i er i rett modus til å nyte ein ny triumf frå tre musikarar som foredlar og fornyar trioformatet i særklasse. Til konserten på jazzscena Victoria i Oslo sist laurdag kom dei frå ein turne i Japan. Der komponisten Lien har henta titlar frå det japanske talespråket. Resultatet er eit ni spor stort album der musikken grip deg frå første tone.

Plata er innspelt i det no verdskjende regnbogestudioet i Oslo. Det er den tiande i rekkja av innspelingar der Helge Lien og trioen alltid har stemt forventningane høgt, med eit ensemblespel det er ei fryd å lytte til. I duoen LiveLien med årets buddy-vinnar Live Maria Roggen, gjekk han i fjor også til topps i den avisa du les no. Han er også pianisten i Arild Andersen trio, og i sin eigen tonar han ut med songen stille regn, yr. Så med vårens plate og vårens konsert, kom mai!

link til original